søndag 18. september 2011

Samandrag av boka ”Victoria” skrive av Knut Hamsun




Denne romanen handlar om ein møllerson, Johannes, som har vært forelska i ei som heiter Victoria, i frå første gongen dei møtte kvarandre. Den gongen var Johannes 14 år gammal og Victoria 10.
Johannes tilhøyrer ein fattig familie, som blir sett på som mindreverd. Han tenkjer mykje og skriv dikt. Dei fleste dikta han skriv, handlar om Victoria.  Victoria kjem i frå ein meir respektabel familie, faren hennar kallas slottsherren.
Ein dag skal Johannes ro dei andre barna frå eit selskap til ei øy. Her forsøker han å få Victorias ommerksemd, men det nytter ikkje. Ein annan gut, Otto, som er son av kammerherren, stel showet ifrå Johannes.
Etter kvart dreg Johannes til byen for å studere. I byen blir han ein meir vaksen mann, og blir ein kjent forfattar. Her startar han med å skrive dikt. Men til slut bestemmer han seg for å dra heim igjen. Tilfeldigvis ender han opp på same båt som broren til Victoria, Ditlef. På kaia står Victoria og skal ønske broren hennar velkommen heim, og latar som at ho ikkje husker Johannes frå tidligare.
Etterpå møter dei kvarandre i skogen på ein sti. Hu skryt av ham og dikta han har skrive. Han tenkjer at ho skulle berre visst, det var ho som var inspirasjonen til dikta hans.
Ein dag er Ditlef og Johannes på ro tur. Plutseleg høyrer dei at folk skrik og hoppar uti vannet fordi ei jente har falt og ligg mest sannsynleg på botn. Johannes er ein god dykkar og kjenner til straumen under vann. Det er han som finn jenta, ho heiter Camilla.
Seinare blir Victoria forlova med Otto, pga. faren hennar treng pengar og familien til Otto er rik. Men det som svært få veit, er at Victoria elskar Johannes.. Da Johannes får vite om at Victoria er forlova, forlover han seg med Camilla, jenta som han redda.
Plutseleg er Otto død. Han er blitt skutt i hovudet på jakt. Dei seier at hovudet hans delte seg i to. Faren til Victoria blir så fortvila, og bestemmer seg for å tenne på huset, og drep seg sjølv i flammane. Victoria søker trøst hos Johannes, men han må skuffe ho og fortel at han er forlova med Camilla.
Neste gong Johannes og Victoria møtes, har ho funne seg ein kar som heiter Richmond. Dei møtte kvarandre på ein fest. På festen svima Victoria av. Johannes blir redd, så kan dreg for å besøke henne og sjekke korleis det er med ho.
Når han kjem dit, blir han møtt av ein tenestemann. Han fortel at Victoria døde den natta, men har skrive eit brev til han. I brevet forklarte ho kjenslene ho hadde for Johannes, at det alltid hadde vore han ho ville ha og at ho hadde blitt tvinga til forlovinga med Otto.  Ho fortalte om lunge sjukdommen hennar og pengeproblema til faren. Slik enda kjærleiken deira.   

søndag 4. september 2011

Sammendrag av boka "Tornerose sov i hundre år", skrevet av Gunnar Staalesen.


Varg Veum er ein privatdetektiv, som held til i Bergen. Han jobbar for seg sjølv, og det verker som om han ikkje har nokon å ta omsyn til. –Altså at han lever aleine.  Ein fortvila mor og far, med etternamn Halle, kontaktar Veum og da får han eit oppdrag som går ut på å finne en 16 års gammal jente som heiter Lisa. Hun har stukki av og dei veit ikkje kvar ho er. Veum har kontaktar som bring han til Kastrup i Danmark. Først dreg han til ”Istedgate” der han møter ein gammal bekjent, ein prostituert som heiter Lone. Gjennom henne får han vete nøyaktig kvar Lisa held til, nemlig i Kastrup. Der finn han Lisa, neddopet og med ein ”kunde” over seg. Etter diskusjonar med to brødre som driver ”hotellet” får han med seg Lisa vekk. Dei tar inn på eit hotell, og neste dag dreg dei heim til Norge. Der møter dei foreldra hennar som tar dei begge med seg heim. Foreldra til Lisa og Peter (kjærasten til Lisa) likte ikkje at dei hadde eit forhold. Og dei hadde forsøkt kva som helst for å forhindre det.
Når han kjem heim, blir han straks kontakta av foreldra til kjærasten til Lisa. Dei fortel at Peter Werner er borte, ingen har høyrt noko ifrå ham på mange dagar. Veum dreg til forskjellige stader som Peter har vore på. Til slutt endar han opp på eit hotell der Peter har jobba som prostituert for å tene pengar til narkotika. Der finn han Peter liggande i senga, blødd i hel. Han kontaktar politiet. Konstabel Vadheim og teamet hans kjem til hotellet.
Veum startar etterforskinga med ein gong. Han dreg rund til folk som Peter har hatt ein eller anna forbinding med. I denne tida får han vite kvifor foreldra vart så imot forholdet mellom Lisa og Peter. Faren til Lisa, Niels Halle og mora til Peter, Vera Werner hadde eit forhold tidligare og det viste seg at Niels Halle kunne vere faren til Peter. Med andre ord, Lisa og Peter var halvsøsken…
 Ein av dei han kjem i kontakt med er sjefen til Peter, Jonassen. – Som blir fort ein mistenkt.  Veum dreg heim til Jonassen i håp om å få noko meir informasjon angåande forholdet som Jonassen og Peter hadde. Der møtar han kona til Jonassen. Veum forstår at dette ekteskapet inneheld masse utroskap, og han får ein tanke som går på at Peter har vært ein av kundane hennar. Dette viser seg på ein måte å vere sant.
Under ein middag kjem heile sanninga fram. Fru Jonassen innleia eit forhold med Peter Werner, samtidig som han er saman med Lisa. Ein dag oppdagar Lisa dei to saman, og Peter avsluttar forholdet med Fru Jonassen. Dette gjør Fru Jonassen rasande, og dreg til hotellet der Peter bur. Dei elskar med kvarandre, og i det ho skal dra, stikk ho ein kniv  inn i magen på Peter. Han blør i hel og døyr..

(Boka ble utgitt i 1980 av Gyldendal Norsk Forlag. Og er nr 3 av 12 i bokserien).