Varg Veum er ein privatdetektiv, som held til i Bergen. Han jobbar for seg sjølv, og det verker som om han ikkje har nokon å ta omsyn til. –Altså at han lever aleine. Ein fortvila mor og far, med etternamn Halle, kontaktar Veum og da får han eit oppdrag som går ut på å finne en 16 års gammal jente som heiter Lisa. Hun har stukki av og dei veit ikkje kvar ho er. Veum har kontaktar som bring han til Kastrup i Danmark. Først dreg han til ”Istedgate” der han møter ein gammal bekjent, ein prostituert som heiter Lone. Gjennom henne får han vete nøyaktig kvar Lisa held til, nemlig i Kastrup. Der finn han Lisa, neddopet og med ein ”kunde” over seg. Etter diskusjonar med to brødre som driver ”hotellet” får han med seg Lisa vekk. Dei tar inn på eit hotell, og neste dag dreg dei heim til Norge. Der møter dei foreldra hennar som tar dei begge med seg heim. Foreldra til Lisa og Peter (kjærasten til Lisa) likte ikkje at dei hadde eit forhold. Og dei hadde forsøkt kva som helst for å forhindre det.
Når han kjem heim, blir han straks kontakta av foreldra til kjærasten til Lisa. Dei fortel at Peter Werner er borte, ingen har høyrt noko ifrå ham på mange dagar. Veum dreg til forskjellige stader som Peter har vore på. Til slutt endar han opp på eit hotell der Peter har jobba som prostituert for å tene pengar til narkotika. Der finn han Peter liggande i senga, blødd i hel. Han kontaktar politiet. Konstabel Vadheim og teamet hans kjem til hotellet.
Veum startar etterforskinga med ein gong. Han dreg rund til folk som Peter har hatt ein eller anna forbinding med. I denne tida får han vite kvifor foreldra vart så imot forholdet mellom Lisa og Peter. Faren til Lisa, Niels Halle og mora til Peter, Vera Werner hadde eit forhold tidligare og det viste seg at Niels Halle kunne vere faren til Peter. Med andre ord, Lisa og Peter var halvsøsken…
Ein av dei han kjem i kontakt med er sjefen til Peter, Jonassen. – Som blir fort ein mistenkt. Veum dreg heim til Jonassen i håp om å få noko meir informasjon angåande forholdet som Jonassen og Peter hadde. Der møtar han kona til Jonassen. Veum forstår at dette ekteskapet inneheld masse utroskap, og han får ein tanke som går på at Peter har vært ein av kundane hennar. Dette viser seg på ein måte å vere sant.
Under ein middag kjem heile sanninga fram. Fru Jonassen innleia eit forhold med Peter Werner, samtidig som han er saman med Lisa. Ein dag oppdagar Lisa dei to saman, og Peter avsluttar forholdet med Fru Jonassen. Dette gjør Fru Jonassen rasande, og dreg til hotellet der Peter bur. Dei elskar med kvarandre, og i det ho skal dra, stikk ho ein kniv inn i magen på Peter. Han blør i hel og døyr..
(Boka ble utgitt i 1980 av Gyldendal Norsk Forlag. Og er nr 3 av 12 i bokserien).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar