Samandrag av boka ”Victoria” skrive av Knut Hamsun
Denne romanen handlar om ein møllerson, Johannes, som har vært forelska i ei som heiter Victoria, i frå første gongen dei møtte kvarandre. Den gongen var Johannes 14 år gammal og Victoria 10.
Johannes tilhøyrer ein fattig familie, som blir sett på som mindreverd. Han tenkjer mykje og skriv dikt. Dei fleste dikta han skriv, handlar om Victoria. Victoria kjem i frå ein meir respektabel familie, faren hennar kallas slottsherren.
Ein dag skal Johannes ro dei andre barna frå eit selskap til ei øy. Her forsøker han å få Victorias ommerksemd, men det nytter ikkje. Ein annan gut, Otto, som er son av kammerherren, stel showet ifrå Johannes.
Etter kvart dreg Johannes til byen for å studere. I byen blir han ein meir vaksen mann, og blir ein kjent forfattar. Her startar han med å skrive dikt. Men til slut bestemmer han seg for å dra heim igjen. Tilfeldigvis ender han opp på same båt som broren til Victoria, Ditlef. På kaia står Victoria og skal ønske broren hennar velkommen heim, og latar som at ho ikkje husker Johannes frå tidligare.
Etterpå møter dei kvarandre i skogen på ein sti. Hu skryt av ham og dikta han har skrive. Han tenkjer at ho skulle berre visst, det var ho som var inspirasjonen til dikta hans.
Ein dag er Ditlef og Johannes på ro tur. Plutseleg høyrer dei at folk skrik og hoppar uti vannet fordi ei jente har falt og ligg mest sannsynleg på botn. Johannes er ein god dykkar og kjenner til straumen under vann. Det er han som finn jenta, ho heiter Camilla.
Seinare blir Victoria forlova med Otto, pga. faren hennar treng pengar og familien til Otto er rik. Men det som svært få veit, er at Victoria elskar Johannes.. Da Johannes får vite om at Victoria er forlova, forlover han seg med Camilla, jenta som han redda.
Plutseleg er Otto død. Han er blitt skutt i hovudet på jakt. Dei seier at hovudet hans delte seg i to. Faren til Victoria blir så fortvila, og bestemmer seg for å tenne på huset, og drep seg sjølv i flammane. Victoria søker trøst hos Johannes, men han må skuffe ho og fortel at han er forlova med Camilla.
Neste gong Johannes og Victoria møtes, har ho funne seg ein kar som heiter Richmond. Dei møtte kvarandre på ein fest. På festen svima Victoria av. Johannes blir redd, så kan dreg for å besøke henne og sjekke korleis det er med ho.
Når han kjem dit, blir han møtt av ein tenestemann. Han fortel at Victoria døde den natta, men har skrive eit brev til han. I brevet forklarte ho kjenslene ho hadde for Johannes, at det alltid hadde vore han ho ville ha og at ho hadde blitt tvinga til forlovinga med Otto. Ho fortalte om lunge sjukdommen hennar og pengeproblema til faren. Slik enda kjærleiken deira.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar